Kom i gang med Norsklaben

Norsk på ungdomstrinnet

Få tips med ein gong!

Gir deg undervegsvurdering med tips til finpussen før du leverer. Vil du øve? Skrivemeisteren har over 330 oppgåver og kjennest meir som eit spel enn som lekse.

Heilt gratis Utan innlogging Bokmål og nynorsk
Laga for ungdomstrinnet · 8.–10. klasse Over 330 oppgåver 27 kategoriar Analyse på 12–25 sekund GDPR-sikker, lokal server
Slik gjer vi det

Verktøy for øving og vurdering

Elevane øver og sjekkar tekstane sine gratis. Lærarane får djup analyse og rubrikkvurdering — utan å gi frå seg det pedagogiske skjønnet.

Elevverktøy

Skrivemeisteren

Spel deg gjennom typiske skrivefeil og tema læraren ofte masar om. Over 330 oppgåver i 27 kategoriar — frå og/å til å byggje ein heil tekst.

Elevverktøy

Tekstsjekk

Lim inn teksten din og få vite kva du får til — og ei sjekkliste over kva du kan gjere betre, med øvingar som passar akkurat deg.

Lærar-abonnement

Tekstanalyse

Les elevteksten med eit fagleg utkast ved sida: kva eleven får til, kva som er neste steg, og konkrete stader i teksten å vise til. Du justerer og godkjenner — og gir tilbakemeldingar eleven kan bruke, på kortare tid.

Lærar-abonnement

Rubrikkvurdering

Bygg og bruk vurderingsrubrikkar på tvers av fag — munnleg, skriftleg og praktisk. Ferdige malar, eller lag dine eigne. Skriv ut eller vurder i verktøyet.

Eleven sjekkar sjølv

Eleven limer inn teksten i Tekstsjekk undervegs og får konkrete tips — pluss øvingar i Skrivemeisteren som treffer akkurat det eleven strevar med.

Respons + revisjon

Eleven reviderer med sjekklista i handa — eller øver målretta i Skrivemeisteren før neste utkast.

Læraren får tid til samtalen

Tekstanalyse og Rubrikkvurdering gjer vurderinga rask og framoverretta. Vurderingsoversikta viser kva du kan ta opp i elevsamtalen — og kva heile klassa treng. Tida di går til det som løftar skrivinga.

Prisar

Avanserte lærarverktøy for effektiv vurdering.

Elevane treng inga innlogging for å jobbe med oppgåver eller bruke Tekstsjekk. Lærarar har alle verktøya opne til 1. januar. Skular som vil gje alle lærarane tilgang, tek kontakt.

Elev

For deg som vil bli betre til å skrive.

Gratis
  • Over 330 oppgåver i Skrivemeisteren
  • Tekstsjekk med tilbakemelding
  • Nynorsklab, Verktøykasse og Mad Libs
  • Du treng ikkje logge inn
Mest populær

Lærar

Alle lærarverktøya — Tekstanalyse, Rubrikkvurdering og Lærarplanleggar.

Gratistil 1. januar
  • Effektive vurderingsverktøy for elevtekstar og rubrikkvurderingar — kort ned på rettetida, bruk tida til læring
  • Tekstanalyse — gi elevane undervegsvurdering i skriveøkta, med konkrete forbetringspunkt
  • Rubrikkvurdering på tvers av fag, med ferdige malar — for munnleg, skriftleg og praktisk arbeid
  • Ferdige undervisingsøkter og presentasjonar i norsk, samfunnsfag og til arbeid med klassemiljø
  • Andre nyttige verktøy som timeplangenerator — for å opprette timeplanar, øktplanar og vikarplanar i ein fei

Frå 1. januar: 59 kr/mnd — eller skulelisens

Skulelisens

For skular og kommunar som vil gje alle lærarane tilgang.

Ta kontakt for tilbod
  • Alle lærarverktøya, for alle lærarane ved skulen
  • Éin avtale og éin faktura
  • Hjelp til å kome i gang i personalet
Ta kontakt
Bakgrunn

Kvifor Norsklaben?

Responsen kjem ofte for seint til å endre teksten, og er gløymd neste gong eleven skriv. Norsklaben flyttar tilbakemeldinga inn i skriveprosessen — tankegodset er basert på tre etablerte kjelder.

John Hattie

Synleg læring

God, formativ tilbakemelding er blant dei mest verknadsfulle faktorane for læring. Poenget er ikkje meir retting, men respons eleven faktisk kan bruke vidare.

Nasjonalt senter for skriveforsking · 2012–2016

Normprosjektet

Ein nasjonal studie med over 3000 elevar ved 20 skular. Skrivekompetansen vaks når lærarane arbeidde systematisk med eit felles skrivekonstrukt og tydelege normer.

Berge, Evensen & Thygesen

Skrivehjulet

Skil mellom skrivehandlingar — å beskrive, utforske, overtyde, reflektere, sjå for seg og samhandle. Norsklaben er tufta på eit funksjonelt syn på skriving, og ser difor på tekstens funksjon og «kva prøver du å få til?», ikkje berre «er dette rett?».

«Før stal rettetida læringsutbyttet frå tilbakemeldinga. Med Tekstsjekk får elevane konkret og solid undervegsvurdering i skriveøkta!»
Holger Tovåsnorsklektor ved Spjelkavik ungdomsskule,
utviklar av Norsklaben
Ofte spurt

Spørsmål og svar

Klar til å prøve?

Gratis for elevar — utan innlogging. Lærarar har alle verktøya opne til 1. januar.